Nettavisa med base i Årdal blir ein del av Polaris Media.

– Me har gjort ei grundig vurdering av kva som er best for utviklinga av Porten. Polaris Media kan bidra til å styrke produktet både redaksjonelt og kommersielt. Difor er me glade for å ha fått dei med på laget, seier styreleiar Thomas Norheim Moen i Porten i ei pressemelding.

Mediekonsernet Polaris Media har gjennom Polaris Media Nordvestlandet teke over 64,7 prosent av aksjane i Porten AS, medan seljarane Årdalsnett AS og Agnitio AS blir med på den vidare satsinga med høvesvis 28,2 prosent og 7,1 prosent av aksjane.

Tidlegare var aksjefordelinga slik: Årdalsnett 49,7 prosent, Synne Asheim Haga 30,13 prosent og Agnitio 20,17 prosent.

Tillitserklæring

– Det er ei tillitserklæring å bli satsa på av eit så stort mediekonsern. Med Polaris Media har me fått inn ein profesjonell aktør som me veit er langsiktig, og som forstår verdien av å satsa på og utvikla mediehusa sine med ei tydeleg lokal forankring. Samstundes ser me fram til å bli del av og dra nytte av eitt av dei fremste kompetansemiljøa i landet, seier ansvarleg redaktør i Porten, Lasse Styve Andersen.

Administrerande direktør Harald H. Rise i Polaris Media Nordvestlandet ser på Porten som ei spennande satsing for konsernet.

– Me ser fram til å bli betre kjende med både lesarane i Indre Sogn og staben i Porten, og me er trygge på at me kan støtta dei i den vidare utviklinga av produktet. Lukkast me med det, vil det kunne gje grunnlag for auka inntekter både frå abonnentar og annonsørar, og det vil bidra til ei meir robust og langsiktig finansiering av mediehuset, seier Rise.

Nettavisa vart etablert i 1996. Opplaget deira var 1762 abonnentar i første halvår av 2022. I 2021 hadde Porten AS eit underskot på 1,6 millionar kroner.

Fjerde i fylket

Polaris Media er eitt av dei største mediekonserna i Skandinavia med eigarskap i 68 mediehus. Dei har nærare 600 000 abonnentar og ei omsetning på 3,7 milliardar kroner. Polaris Media Nordvestlandet er eitt av hovuddotterselskapa i konsernet og femnar om 16 ulike mediehus, skriv dei i pressemeldinga.

Sunnmørsposten og Romsdals Budstikke er dei største av desse. Blant dei andre finn vi Fjordenes Tidende (Måløy), Fjordingen (Stryn) og Fjordabladet (Nordfjordeid) i Nordfjord. Med Porten satsar dei no også i Sogn.