– Det skjedde veldig lite, seier operasjonsleiar Stine Mjelde i Vest politidistrikt, før ho tek oss rett vidare til det vesle ho har på lista si:

Ein hjort som blei påkøyrd ved Hornindalsvatnet like før klokka halv to i natt.

– Den sprang til skogs. Viltnemnda er varsla, og vurderer å gå på ettersøk sidan den kan vera skadd. Dei som sat i bilen såg ikkje meir til dyret, og det går bra med dei sjølve, seier Mjelde.

Ho opplyser vidare at ein patrulje i Sunnfjord var innom ein ungdomsklubb der.

– Men det var berre for å prata med dei. Der var det god stemning.

I Sogn? Der skjedde det ingenting som kvalifiserte for politiet sin logg denne gongen.