– Politiet fekk melding klokka 03.02 om slagsmål utanfor ein utestad, seier operasjonsleiar Tom Johannessen ved Politiet sin operasjonssentral.
I rapporten kan han lesa at ein person i 50-åra hadde vorte utsett for vald frå ein forbipasserande.
– Resultatet var at vedkommande truleg fekk knekt nasen.
Då politiet kom til staden var gjerningsmannen forsvunne, men vitneopplysningar gjer at ein har ei meining om kven mannen er.
– Det kan stå fram som blind vald, men vidare etterforsking vil visa om dette var tilfeldig eller om det var ei foranledning, seier Johannessen.
Politisak er oppretta.
Ein for mykje
I Sogndal var alvorsgrada noko lågare, men ein bilførar fekk likevel eit møte med politiet som han gjerne skulle vore forutan.
– Eit køyretøy i Sogndal sentrum hadde for mange passasjerar. Det var ein person som hadde lagt seg i eit varerom.
Føraren har fått ein reaksjon frå politiet.