Politimelder inngrep i gravrøys

TEKE SEG TIL RETTE PÅ KULTURMINNE: Nærøyfjorden verneområdestyre og verneområdeforvaltar Jorunn Vallestad har politimeldt inngrepet i gravrøysa på Holmo, som er eit freda kulturminne.

TEKE SEG TIL RETTE PÅ KULTURMINNE: Nærøyfjorden verneområdestyre og verneområdeforvaltar Jorunn Vallestad har politimeldt inngrepet i gravrøysa på Holmo, som er eit freda kulturminne. Foto:

Nærøyfjorden verneområdestyre politimelder inngrep i freda kulturminne.

DEL

For to veker tilbake melde grunneigar frå om at nokon hadde grave og bygd murar i gravrøysa på Holmo i Nærøyfjorden landskapsvernområde. Gravrøysa er eit freda kulturminne.

Verneområdestyret meiner at inngrepet er så alvorleg at det må meldast til politiet.

– Det er viktig at slike klare brot på verneføreskrifta blir følgt opp. På den måten kan me informera andre om at dette ikkje er lov og dermed hindra liknande inngrep, seier Trygve Skjerdal, leiar av Nærøyforden verneområdstyre i ei pressemelding.

SKAL IKKJE SJÅ SLIK UT: Grunneigar fann gravrøysa slik. Nærøyfjorden verneområdestyre har politimeldt inngrepet i gravrøysa på Holmo, som er eit freda kulturminne.

SKAL IKKJE SJÅ SLIK UT: Grunneigar fann gravrøysa slik. Nærøyfjorden verneområdestyre har politimeldt inngrepet i gravrøysa på Holmo, som er eit freda kulturminne. Foto:

Plukkar stein

Verneområdeforvaltar Jorunn Vallestad seier i pressemeldinga at folk som plukkar stein frå gamle kulturminne som murar og gravrøyser er eit stort problem i verneområdet.

Denne gongen var inngrepet litt større enn som så.

– Viss ikkje me hadde meldt dette forholdet, hadde me lagt lista veldig høgt for kva som skal til for å melda lovbrot, seier Skjerdal.

I pressemeldinga blir det opplyst at også fylkeskommunen melder forholdet, for brot på kulturminnelova.

Fann dei skuldige

Dei skuldige blei funne tilfeldigvis nokre dagar etter inngrepet blei oppdaga. Ifølgje pressmeldinga frå verneområdestyret har dei beklaga inngrepet og sagt dei ikkje var klar over at det dei gjorde var ulovleg.

Gravrøysa var ikkje skilta, men det blir vurdert framover.

– Om alle kulturminne skulle vore skilta ville det blitt ein jungel av skilt i kulturlandskapet. At noko ikkje er skilta betyr ikkje at det ikkje har nokon verdi, seier Vallestad i pressemeldinga.

Artikkeltags