Politimelder innbrot på Harastølen

INNBROT: Fleire sosiale medium-profilar har trassa sperringar for å ta seg inn i Sanatoriet. No blir dei politimelde.

INNBROT: Fleire sosiale medium-profilar har trassa sperringar for å ta seg inn i Sanatoriet. No blir dei politimelde. Foto:

Av

Luster kommune og fleire investorar til Harastølen vil politimelda sosiale-mediekontoar som legg ut bilde frå Harastølen.

DEL

Det forfalne sanatoriet i Luster har vore sperra av for folk, av sikkerheits- og bevaringsmessige årsaker.

Investor Terje Svindland seier til NRK at det er planar for bygget, og at dei ber folk om å la vera å gå inn slik at dei kan ta vare på det som er igjen av historie.

Likevel har fleire trassa sperringar for å ta bilete inne i bygget, skriv NRK Vestland.

Influensarar og sosiale-mediekontoar som har lagt ut bilete frå inne i bygget blir meldt til politiet.

Politibetjent ved Sogndal lensmannskontor, Christian Algerøy-Vegheim, tilrår folk om å ikkje gå inn i bygget.

– Bygget er i så dårleg forfatning at det er ein stor risiko å ta seg inn der utan løyve og kyndig kompetanse, seier han til NRK.

Ingen veg tilbake for Harastølen – endeleg sal er godkjent

Artikkeltags