Politimeld for overlasta køyretøy

Statens vegvesen greip inn under kontroll på Håbakken i Lærdal.

DEL

Under kontroll laurdag blei føraren av ein varebil meld til politiet for å føra overlasta køyretøy. Ein anna førar av varebil måtte lasta om før vidare køyring.

Mangla fartsskrivar

Kontrollrapporten fortel også at ein eigar av varebil med tilhengar som var ute på transportoppdrag, blei meld for ikkje å ha innmontert fartsskrivar.

Ein varebil med fleire tekniske manglar blei også ilagt bruksforbod mellom anna grunna oljelekkasje frå motor.

Kom ikkje til kontroll

Ein førar av vogntog måtte rydda vekk sikthindrande gjenstandar i frontruta før han kunne køyra vidare.

Fem køyretøy hadde tekniske manglar og tre førarar av vogntog køyrde forbi skilta kontroll utan å koma inn til kontroll, heiter det i oppsummeringa frå Statens vegvesen

Artikkeltags