Politimann sikta for promillekøyring

Føraren av bilen har status som sikta og vedkomande er suspendert inntil vidare frå sin jobb i politiet. Dei to passasjerane har status som mistenkte.

DEL

Ein politibetjent i Vest politidistrikt er sikta for promillekøyring og for ikkje å ha varsla politiet etter ei utforkøyring med bil natt til laurdag.

Det kjem fram i ei melding frå Vest politidistrikt.

Varsla neste dag

– Uansett kva som vert utfallet av etterforskinga er dette ei uheldig og trist sak som vitnar om dårleg dømekraft frå dei tilsette, seier Arne Johannessen, politileiar i Sogn og Fjordane.

Utforkøyringa skjedde i Sogn og Fjordane. Det var to passasjerar i bilen og dei kom uskadde frå det heile. Politiet blei varsla om utforkøyringa neste dag. Ein patrulje frå Møre og Romsdal politidistrikt kom laurdag til staden for å gjennomføra avhøyr med dei involverte og ta promilleprøve av bilføraren.

Suspendert

Saka blir no sendt Møre og Romsdal politidistrikt for vidare etterforsking.

Politiet opplyser at det førebels er for tidleg å seia noko om kva som har skjedd. Alle tre i bilen er tilsett i driftseining Sogn og Fjordane. Av omsyn til personvernet til dei tilsette vil politiet ikkje gå ut med detaljar om kor ulukka skjedde eller dei involverte.


Artikkeltags