– Hendinga i Steinkjer er alvorleg. Motivet for handlinga er førebels ukjent og situasjonen står fram som uavklart, seier politidirektør Benedicte Bjørnland i ei pressemelding.
Ein person er død og to personar er skadd etter å ha blitt påkøyrt i sentrum av Steinkjer natt til søndag. Ifølgje politiet står det fram som at handlinga er gjort med vilje.
Ein mann i starten av 40-åra er arrestert etter at han skal ha køyrt ned fleire menneske i Steinkjer med ein varebil. Den mistenkte er norsk statsborgar, heimehøyrande i Steinkjer og skal vera ein kjenning av politiet.
Det skriv VG.
– Difor har me avgjort å innføra mellombels nasjonal væpning til me har eit tydelegare bilete av situasjonen, seier Bjørnland.