SVINDEL: Ein ny svindelmetode tappar kontoen til bankkundar gjennom BankID. (Foto: Politiet)

Politiet åtvarar mot nettsvindel

Politiet går no ut med ei kraftig åtvaring etter at nettbankkundar har blitt svindla for over 17 millionar kroner den siste tida.

Publisert 07.10.2019 kl. 19.56. Oppdatert kl. 19.58.

Dette har ramma alle aldersgrupper, der yngste per no er 20 år og eldste er 90 år. Truleg er rundt 200 personar råka.


- Alle dei fornærma har blitt kontakta av personar som gir seg ut for å vera frå norske eller utanlandske bankar, finansinstitusjonar, tradingselskap eller liknande. Alle har oppfordra nettbankkundane om å nytta BankID til verifisering. Dei har blitt vist til noko som framstår som heimesida til banken eller selskapet. Dette er i realiteten fiktive sider, der informasjonen som vert lagt inn vert nytta til å tappa kontoen til dei fornærma. Pengane vert overført til mellommenn og vidare omsett til kryptovaluta, skriv politiet sin nettpatrulje i Vest på Facebook.


Råd

Her er politiet sine råd om nettsvindel.


- Ikkje oppgje passord eller kode frå kodebrikka du nyttar til BankID til andre. Dette gjeld på telefon, via epost eller på usikre nettstader


- Ikkje nytt BankID på nettstader du ikkje er 100% sikker på


- Sjå etter ein hengelås i adressefeltet i nettlesaren. Dette er teikn på at nettsida er kryptert og eigaren bekrefta


- Sjekk at adressefeltet i nettlesaren (URL) ikkje inneheld mange tal, symbol og bokstavar utan betyding


- Har du mistanke om at andre kan ha nytta din BankID; sjekk nettbanken din snarast og meld eventuelt frå til banken


Les meir om: Nyhende