Natt til søndag klokka 02.30 skjedde det ei hending ved utestaden Meat Point som politiet ønskjer opplysningar om.
– Det var ein vaksen mannsperson som skal ha blitt dytta til rett utanfor Meat Point. Det enda med fall og brotskadar og no er saka meldt til politiet. Difor ønskjer me å koma i kontakt med vedkomande som dytta han eller vitne som har sett det som skjedde, seier politioverbetjent Rita Skjeldestad.
Dei som har relevant informasjon kan ta kontakt med Sogndal lensmannskontor.