Politiet stoppa fest i Sogndal etter melding om husbråk

DEL

Klokka 00.55 natt til søndag fekk Vest politidistrikt melding om husbråk på ei adresse ved Reppen i Sogndal kommune.

- Me fekk melding om festing og ansamling av fleire personar på ei adresse i Sogndal kommune. Det var så mange som 15 stykk på adressa, seier Per Algrøy i Vest politidistrikt.

Politiet fekk stoppa festen og informert verten om nasjonale retningslinjer i samband med koronasituasjonen, samt omsyn til omgjevnadane med tanke på høg musikk.

Artikkeltags