Politiet stengde privatfest. Uklart om nokon var smitta

Politiet i Sunnfjord stengde ein privatfest i Førde natt til søndag.

DEL

(Firda) Det skjedde i eitt-totida om natta, opplyser operasjonsleiar Tore Andre Brakstad i Vest politidistrikt til Firda.

– Det var ikkje så mange ungdommar samla, men det var usikkert om nokon av dei som var til stades var i karantene eller smitta, fortel Brakstad.

Poltiet ringde og bad ungdommane avslutta, noko dei gjorde.

– Det var ingen storfest, og festen var ikkje ute av kontroll, seier politimannen.

Artikkeltags