Eit stort søk vart sett i gang etter funn av eit tomt telt ved Myrdal fredag kveld. Søndag ettermiddag seier politiet at arbeidet ikkje har ført dei nærare ei oppklaring av kven som eig teltet.
– Det har gått føre seg søk gjennom føremiddagen og ettermiddagen. Me har funne gjenstandar i snøen i området, men det er usikkert om dette kan knytast til teltet, seier Eirik Loftesnes, operasjonsleiar i Vest politidistrikt.
Ingen sakna
Ingen er sakna og det er ikkje planlagt vidare søk utover søndag kveld.
– Me står i den situasjonen at me ikkje veit om nokon er i naud. Me har sjekka ut enkelte personar og gjort mykje etterretningsarbeid ut frå ulike tips frå publikum og andre funn, men det har ikkje ført oss nærare kven som eig teltet, seier Loftesnes.
Går mot avslutning
Han seier mannskapa no er i ferd med å fullføra søka dei planla.
– Dersom det ikkje dukkar opp interessante funn utover ettermiddagen, avsluttar me søket når det går mot kveld, seier Loftesnes.