Politiet i Innlandet starta måndag klokka 13 ein redningaksjon i området Nørdstedalsseter i Sogn og til Sognefjellshytta.
Ein 35 år gamal mann kom ikkje fram til Sognefjellshytta i dag tidleg.
Klokka 17.24 opplyser politiet at mannen er funnen rett aust for dammen i sørenden av Storevatnet. Han er i tilsynelatande god form, men har pådrege seg ein mindre skade etter fall.
Mannen blir teken hand om av helsepersonell.