Politiet rykte ut til støyande russ

DEL

Politiet rykte natt til søndag ut etter melding om russ som spelte høg musikk ved Europris i Øvre Årdal.

– Då politiet kom til staden, var ungdommane reiste frå staden, opplyser operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen i Vest politidistrikt.

Nokre ungdommar i ein bil, også dette i Øvre Årdal, blei stansa av politiet.

– Tre ungdommar hang med kroppen ut av bilen medan bilen var i fart. Føraren fekk ei åtvaring, opplyser Dahl-Michelsen.

Han kan generelt melda om ei helg der politiet har fått fleire meldingar om støy og forstyrringar frå russen, både i gamle Sogn og Fjordane og i bergensområdet.

Artikkeltags