Politiet rykte ut til slagsmål

DEL

Natt til søndag fekk politiet fleire oppdrag i Sogn.

I Øvre Årdal fekk politiet melding om fire-fem personar som slåst ved ein utestad.

– Ordensvakter på staden trødde til, situasjonen hadde roa seg då politiet kom, seier operasjonsleiar Morten Rebnord i Vest politidistrikt.

I Vik viste politiet vekk ein person frå Dampen pub og bistro. Han prøvde å koma seg inn med falsk legitimasjon.

I Sogndal måtte ein rusa person som laga dårleg stemning fjerna seg frå ein utestad.

– Han blei vist vekk frå sentrum, noko det såg ut som han respekterte, seier Rebnord.

Artikkeltags