Politiet rykte ut til melding om slåsting

DEL

Politiet fekk melding om at ein person hadde blitt slegen til av ein annan i Lærdal i 03.30-tida natt til laurdag.

- Då politiet kom til staden, opplyste fornærma at han hadde falle. Det var noko uklare forhold, men politiet opprettar sak, seier operasjonsleiar Per Algrøy i Vest politidistrikt.

Han opplyser at politiet vil avhøyra dei involverte.


Artikkeltags