Politiet rykte ut – men fann ikkje rusa person

DEL

Vest politidistrikt melder på Twitter at politiet har hatt mykje å gjera i distriktet natt til fredag.

Ordensuro, slagsmål og forstyrring av nattero har stått på agendaen.

I Sogn rykte politiet ut til melding om ein rusa person i ei grøft i Balestrand.

– Patruljen reiste dit, meldinga kom klokka 02.10, men patruljen fann han ikkje. Han han hadde tydelegvis kome seg av garde sjølv, opplyser operasjonsleiar Per Algrøy i Vest politidistrikt.

Patruljen var også ute for å sjå etter rusa mann i Florø same natt.

– Denne blei funnen og køyrt heim til mor, opplyser Algrøy.

Artikkeltags