Politiet rykka ut til fotballbane

20 personar var på fotballbana.

DEL

Politiet rykka torsdag ettermiddag ut til Fosshaugane i Sogndal, då det vart meldt om at mange personar spelte fotball saman.

– Om lag 20 personar var på bana, godt spreidd utover og dei var medvitne på å halda avstand til kvarandre og hadde vurdert smittefaren, opplyser politiet på Twitter.

Reaksjonar

Måndag var også ein stor gjeng samla på Kvåle stadion. Det fekk smittvernelegen til å reagera.

– Eg skjønar at folk vil treffast og trena. Men det er anbefala å unngå og samlast no, sa smittevernlege og kommunelege i Sogndal, Leiv Erik Husabø til Sogn Avis då.

Helsemyndigheitene tilrår at folk unngår og samlast på grunn av fare for spreiing av koronavirus.

Politiet har fått beskjed om å slå ned på alt av festar. Dei vil også, om dei har kapasitet, rykkja ut til andre hendingar som bryt med råda til helsemyndigheitene.

Artikkeltags