Politiet på Flesland skal bera våpen

Justisdepartementet har i dag samtykka i at politiet ved Bergen lufthavn Flesland blir væpna.

DEL

Bakgrunnen er ei oppmoding frå Vest politidistrikt, som meiner at væpning er naudsynt for å beskytta flyplassen ved eit eventuelt terrorangrep.

Tryggleiken til reisande og tilsette

Anmodninga frå Vest politidistrikt om væpning byggjer på ein risiko- og sårbarheitsanalyse, opplyser Vest politidistrikt i ei pressemelding

– Etter utbygginga av Flesland blei avstand til innlåste våpen uforholdsmessig lang. Ved å innføra væpning på flyplassområdet sparer me verdifulle minutt ved ei eventuell hending. Eg er nøgd med at min oppmoding fekk gjennomslag. Dette gjer me for å vareta tryggleiken til reisande og tilsette ved flyplassen på ein endå betre måte, seier politimeister i Vest politidistrikt, Kaare Songstad i pressemeldinga.

Stort skadepotensial

– Politidirektoratet har vurdert anmodningen, og etter grundig gjennomgang støttar me Vest politidistrikt i at væpninga ved Flesland er eit naudsynt tiltak, seier beredskapsdirektør i Politidirektoratet Tone Vangen.

Flesland peikar ut seg ikkje som eit sannsynleg terrormål, men skadepotensialet ved eit angrep mot flyplassen kan vera stort. Væpning gjer at politiet kan respondera raskare dersom eit angrep skulle skje på flyplassen, melder politiet i pressemeldinga.

– Væpning er difor naudsynt for å vareta politiets innsatsevne og setja politiet i stand til å kunne avverga eller stansa eventuelle angrep og avgrensa skadeomfanget av eit pågåande angrep, seier Vangen i pressemeldinga.

Artikkeltags