TIPS: Politiet i Aurland ønskjer tips etter ulukka fredag kveld. (Foto: Arne Veum)

Politiet ønskjer tips etter ulukka - stadfestar førarkortbeslag

Vil ha kontakt med vitne.

Publisert 04.11.2019 kl. 12.42. Oppdatert kl. 14.12.

I samband med trafikkulukka på E16 i Flåm 1.november har politiet behov for å koma i kontakt med eventuelle vitne til ulukka.


Ulukka skjedde klokka 18.38 om lag 100 meter aust for Fretheimstunnelen.


Tre bilar var involvert i ulukka. Ein grå Tesla modell S, ein blå Toyota Auris og ein grå Audi A3 Sportback e-tron.


51 år gamle Nina Møgster frå Flåm som omkom i ulukka, kom køyrande i retning frå Aurland mot Flåm.


Av dei to andre bilane som var involvert kom den eine i same køyreretning og den andre i retning Aurland.


 


 


Rapport

- Dersom det har komme bilar til like etter ulukka som me ikkje har hatt kontakt eller det er andre som har sett noko som kan ha betydning for etterforskinga, vil me gjerne ha kontakt, seier tenesteleiar Knut Arne Klingenberg til Sogn Avis.


Han presiserer at politiet vil ha kontakt med alle som kan ha opplysningar som er relevant for saka.


- Har politiet danna seg noko bilete av det som skjedde?


- Det er det me er i ferd med å gjera no og vil rekonstruera hendinga etter beste måte med teknisk og taktisk etterforsking.  Me aventar til den krimtekniske rapporten frå Bergen og me har all informasjon på bordet.


Førarkort

- Er det rett at det er gjort eit midlertidig førarkortbeslag til føraren av ein av dei andre involverte bilane?


- Det medfører riktigheit ja, seier Klingenberg


Har du opplysningar knytt til ulukka så ta kontakt med politiet i Aurland på tipstelefon 47 69 60 60 (Ikkje sms).


Les meir om: Nyhende Aurland