I Sogndal måtte politiet rykka ut og roa ned festglade ungdommar som var samla i området kring Gildevangen. Politiet fekk første melding om støy klokka 01.45.
– Me var der i ein time for å løysa opp. Helsevesenet tok med ein ungdom som vart blitt dårleg, ukjent for oss av kva årsak, og vedkomande vart teken med til sjukehus, seier operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen i Vest politidistrikt.
36 meldingar
Situasjonen skal etter kvart ha roa seg, og politiet fekk ikkje nye meldingar om festbråk derifrå.
Det kom også ei melding frå ein annan stad i Sogndal sentrum om høg musikk og støy. Det skal ha løyst seg etter pålegg frå politiet, opplyser operasjonsleiaren.
Dei fleste meldingane om festbråk har kome frå Bergen og omegn, og politiet fekk totalt 36 av desse natt til søndag.
– Politiet har ikkje hatt kapasitet til å rykka ut på alle meldingane, skriv politiet på Twitter.
Trafikkulukke
Elles måtte politiet også handtera trafikksaker i gamlefylket.
På E39 ved Alværa i Lavik kolliderte ein motorsykkel med ein hjort. Politiet fekk melding klokka 05.05, og det vart sendt naudetatar til staden.
– Det gjekk bra med MC-føraren, som er ein mann i 50-åra. Han vart teken med til sjukehus for kontroll. Det gjekk verre for hjorten, seier Dahl-Michelsen.
I Førde vart det halde laserkontroll, og ein førarar fekk førarkortet beslaglagt. Han vart teken i 92 km/t i 50-sona.