Søndag ettermiddag vart det observert politisperringar i Sogndal sentrum.

– Ei kvinne skal ha blitt utsett for overfall i Sogndal sentrum i tidsrommet sein natt til tidleg morgon. Me driv no og undersøkjer kva dette er for noko, samlar dokumentasjon og gjer avhøyr, seier politistasjonssjef Magne Straumstein.

Politiet har ikkje opplysningar om at kvinna er blitt skadd. Framleis er det uklare omstende rundt hendinga, og politiet jobbar vidare med å få klarlagt ting utover dagen.

Ifølgje NRK skal ei kvinne ha blitt overfalle natt til søndag etter at utestadane var stengde.

Straumstein stadfestar at det skal ha skjedd i tidsrommet kring 03-05, og dei har fått melding i ettertid.

– Det er eit tidspunkt der det ikkje er så mange som ferdast i sentrum. Men me er veldig takksame for opplysningar frå folk som har sett noko eller høyrt lydar som kan stemma med ei slik hending, seier Straumstein.

Eit område ved heradshuset like ved riksveg 5 er avsperra. Det ligg midt i sentrum, tett til sterkt trafikkerte riksveg 5. Straumstein ber folk ta kontakt på 47 69 60 60 om dei har opplysningar.

Sperringa er seinare på ettermiddagen fjerna. Det er no sperring og politibil mellom storsenteret og kulturhuset.