(FIRDA:) Førre torsdag gjekk politiet til aksjon mot ein privat bustad i Førde. Der gjorde dei eit større beslag av amfetamin og narkotiske pillar, melder NRK Vestland.
Tre personar er pågripne i saka, og to av dei, ei kvinne og ein mann i midten av 20-åra, er fengsla.
Politiet held fram med etterforsking av saka. Ifølge NRK meiner politiet at desse personane er del av eit sentralt miljø for kjøp og sal av narkotika i Vestland.
Kommentarer til denne saken