Politiet fryktar innbrotsraid- ber eigarar av anleggsmaskiner vera på vakt

Politiet fryktar gjennomreisande kriminelle i Sogn og ber eigarar av anleggsmaskiner og traktorar om å vera ekstra observante.

DEL

Måndag vart det oppdaga innbrot i gravemaskiner i bergensområdet og deretter innbrot i ein traktor på Voss.

Ting tyder på at det er dei same gjerningsmennene og at dei har teke seg inn anleggsmaskinene med å knusa seg gjennom ruter. Deretter har dei målretta gått etter GPS-utstyr og teke dette med seg, går det fram av ei pressemelding frå Sogndal lensmannskontor.

Politiet fryktar tjuvane kan vera på veg gjennom Sogn, og ber eigarar av anleggsmaskiner og traktorar om å vera på vakt og sikra dyrt utstyr. Dette gjeld særleg maskiner som står parkert der det ikkje bur folk.

Artikkeltags