Politiet fekk få meldingar om støy og festing

DEL

Natt til søndag har vore relativt roleg, konstaterer Vest politidistrikt.

Politiet opplyser at dei har fått nokre få meldingar om støy, fest og samlingar av folk.

– Dei meldingane me handterte blei løyste med munnleg pålegg, melder politiet på Twitter.

Operasjonssentralen opplyser at det ikkje er nokre meldingar for konkrete stader i Sogn eller andre stader, og at situasjonsskildringa gjeld generelt for heile distriktet.

Artikkeltags