Kvinne funnen drepen i Florø

Av

Ein person er pågripen.

DEL

Politiet fekk inn melding klokka 20.00 fredag om ei hending på ei adresse i Florø, opplyser Vest politidistrikt i ei pressemelding.Politiet og ambulanse rykte ut til adressa og fann ei kvinne som var knivstukken. Det vart forsøkt livreddande førstehjelp, men klokka 20.30 vart kvinna erklært død på staden av lege.

Mann pågripen

Politiet opplyser at dei har pågripe anteken gjerningsperson. Han vart arrestert på staden.Politiet har sett i gang drapsetterforsking og kriminalteknikarar er på veg til staden.Pårørande er endå ikkje varsla, opplyser politiet i pressemeldinga.Det vert vidare opplyst at politiet ikkje vil gje ut ytterlegare opplysningar i saka før laurdag.

Artikkeltags