Drapet i Florø: Politiet avhøyrer vitne

Av

Laurdag morgon opplyser politiet at saka blir etterforska med full styrke, både teknisk og taktisk.

DEL

Fredag kveld opplyste Vest politidistrikt at ei kvinne har blitt funnen drepen i Florø. Ein antatt gjerningsmann blei pågripen same kveld. Laurdag morgon opplyser politiet at kriminalteknikarar jobbar på åstaden og vil halda fram med dette utover laurdagen.Avhøyr av vitner pågår for fullt. Sikta er i politiet si varetekt og vil bli framstilt for fengsling over helga. Han vil få oppnemnt forsvarar i løpet av dagen, opplyser politiet.Dei melder vidare at det er for tidleg å gje detaljar om hendinga eller motivet for drapet. Sikta og avdøde er begge utanlandske statsborgarar, dei kjenner kvarandre, men er ikkje i slekt.Det er ikkje grunn til å tru at det var fleire involverte i hendinga. Varsling av familien til avdøde i utlandet pågår, opplyser politiet laurdag morgon.

Artikkeltags