27 år gammal mann sikta for knivdrap i Florø

Av

Politiet opplyser at sikta er ein 27 år gammal mann med opphav i Aust-Europa.

DEL

Fredag kveld rykte politi og ambulanse ut til ei adresse i Florø der ei kvinne vart funnen knivstukken. Det vart iverksett livreddande førstehjelp, men ho vart etter kvart erklært død på staden.I leiligheita var det også ein mann som vart pågripen og sikta for drap. Mannen er teken hand om av helsepersonell.Politiet heldt pressebrief i Florø laurdag ettermiddag og Vest politidistrikt opplyser i ei pressemelding i etterkant at sikta er ein 27 år gammal mann og avdøde er ei 51 år gammal kvinne. Dei er ikkje i familie, men har ein relasjon. Begge er utanlandske statsborgarar, med opphav i Aust-Europa. Politiet opplyser at det ikkje er haldepunkt for at ytterlegare personar er involverte.

Familie i Florø

Politiet opplyser at sikta har budd i Florø i fleire år og har familie der. Han er kjend for politiet frå tidlegare. Avdøde er ikkje busett i Noreg. Det blir jobba med å varsla hennar familie i heimlandet. Politiet har sett i gang drapsetterforsking og opplyser at dei no jobbar med avhøyr av vitne, kriminaltekniske undersøkingar på åstaden og sikring av digitale spor. Sikta er planlagt avhøyrt i løpet av dagen. Politiet etterforsker bredt, med dei naudsynte ressursar, opplyser politidistriktet i pressemeldinga.

Varetektsfengsling

Sikta har fått oppnemnt Malin Østvik som sin forsvarar. Han vil bli framstilt for varetektsfengsling på måndag.Det vil også bli gjennomført ein judisiell observasjon av sikta.Det er planlagt obduksjon av avdøde i løpet av søndagen, opplyser politiet.

Artikkeltags