MYKJE RADL: Fjøra-legendane Jan Rune Årøy og Einar Kvam er gjester i den 14 episoden av fotballpodkasten Radl om badl.

Vrei nasen om på keeper og vart utvist, mange netter på gjesterommet og domarar som fekk gjennomgå

Dei hata kvarandre på trening, men er gode kameratar utanfor. Møt Fjøra-legendane Jan Rune Årøy og Einar Kvam i den 14. utgåva av fotballpodkasten Radl om badl.

Publisert 07.09.2018 kl. 12.45. Oppdatert kl. 14.34.
Denne gongen er det altså Fjøra-spesial.
I studio har programleiar Endre Romøren og sidekick Morten Sortland med seg Jan Rune Årøy og Einar Kvam, to av dei aller største legendane i klubbens historie. 
Årøy er den spelaren med flest kampar for laget nokon gong. Den tidlegare forsvarsspelaren har sidan vore trenar og sportsleg leiar for klubben i ei årrekkje.
I glansdagane spelte han saman med superspiss Einar Kvam. Sistnemnde var lenge toppscorar i klubben og ein angripar det framleis går gjetord om. 
I denne episoden pratar duoen om kvifor dei hata kvarandre på trening, om den gongen Kvam vrei nasen om på motstandaren sin keeperen og om dei mange nettene Årøy har hatt på gjesterommet i heimen.
Podkasten kan du høyra her eller lasta ned via iTunes.


Siste saker Gå til framsida