Programleiarane Endre Romøren og Morten Sortland har med seg Sogndal-trenar Eirik Bakke og dagleg leiar Terje Rognsø i den nyaste utgåva av fotballpodkasten Radl om badl.

Samarbeidet mellom Bakke og Rognsø: - Det har gått ei kula varmt allereie

- Me skal ikkje vera samde heile tida. Me har grundige diskjonar på kvifor me gjer som me gjer.

Publisert 29.03.2019 kl. 17.00. Oppdatert kl. 15.20.

Fotballpodkasten Radl om badl er ute med ny sesong. I første episode i sesong tre har programleiarane Endre Romøren og Morten Sortland med seg Sogndal-trenar Eirik Bakke, som går på sin femte sesong som hovudansvarleg for laget, og Terje Rognsø, som snart har fullført tre månader i sin nye jobb som dagleg leiar i klubben. 


Her blir det snakk om sesongenstart mot Sandnes Ulf søndag, ryddejobben som er gjort vinter og så blir det ei oppramsing av topp 3-sitat med Eirik Bakke.


Terje Rognsø snakkar ut om tida i Florø og korleis han ser på framtida for klubben i kystbyen, om feiringa som gjorde at akillesen rauk etter ei overtidsscoring mot Årdal FK og kvifor båten hans sank grunna manglande vedlikehald og ettersyn. 


Dette og mykje meir snadde kan du høyra i podkasten ved å trykka på lenka under, via Soundcloud eller i iTunes.



Siste saker Gå til framsida