Denne gongen er det altså Fjøra-spesial.I studio har programleiar Endre Romøren og sidekick Morten Sortland med seg Jan Rune Årøy og Einar Kvam, to av dei aller største legendane i klubbens historie. Årøy er den spelaren med flest kampar for laget nokon gong. Den tidlegare forsvarsspelaren har sidan vore trenar og sportsleg leiar for klubben i ei årrekkje.I glansdagane spelte han saman med superspiss Einar Kvam. Sistnemnde var lenge toppscorar i klubben og ein angripar det framleis går gjetord om. I denne episoden pratar duoen om kvifor dei hata kvarandre på trening, om den gongen Kvam vrei nasen om på motstandaren sin keeperen og om dei mange nettene Årøy har hatt på gjesterommet i heimen.Podkasten kan du høyra her eller lasta ned via iTunes.