Denne gongen har programleiar Endre Romøren og sidekick Morten Sortland med seg to markante pipeblåsarar frå fylket i studio.Den første gjesten har dømd flest kampar i eliteserien nokon gong. Han hadde ansvaret for cupfinalen i 2002, og var UEFA-dommar mellom 2001 og 2012. Tommy Skjerven er så stor at han også har ei eiga wikipedia-side på arabisk og russisk.Den andre gjesten har òg litt av ein cv å visa til. Torstein Kvam har i ei årrekkje dømd både fotball og handball her i fylket, han er NFF-delegat og lev livet etter følgjande motto: Er du usikker, ver skråsikker.I denne episoden snakkar Skjerven ut om den gongen han viste ut Bernt Hulsker i ein seriekamp mellom Start og Tromsø på Sør Arena i 2009, om videodøming og om å gå frå Champions League-kamp på Camp Nou til å døma 6. divisjonskamp på Veitastrond.Du får også høyra historier frå Kvam om sitt første møte med Harald Aabrekk og andre markante trenarfigurar frå fylke. Han er også innom handballen i Jotun og om den gongen han bikka åtte prikkar på førarkortet.Podkasten kan lastast ned og høyrast i iTunes og SoundCloud.