Det er 20 år sidan den største hendinga i norsk fotball nokonsinne, kjend som mirakelet i Marseille. Norge - med fire frå Sogn og Fjordane på bana - slo Brasil 2-1 og tok seg vidare frå gruppespelet i VM. Vår første gjest, Håvard Flo, noterte seg for éin scoring i gruppespelet, og skaut Roar Strand ut av åttedelsfinalen mot Italia med eit presist spark i hovudet. Mot Brasil hadde han sjølvaste Roberto Carlos på si side. No er han gjest for tredje gong i Radl om Badl, for å fortelja om kampen og meisterskapen i Frankrike.Vår andre gjest i denne episoden er dagens redaktør i Sogn Avis. Jan Inge Fardal har vore sportsleg leiar i Sogndal Fotball, er tekstforfattar av sangen «stao no pao» og har dessutan ei fortid som DJ. Han fortel om livet på tribunen og i gatene i Marseille etter den historiske sigeren.Dei 90 minuttane på Stadé Velodrome er naturleg nok hovudtema i denne sendinga, men i god podkast-stil hamnar me eit stykke ut på flankane også.Flo og Fardal diskuterer Boney M og Edith Piaf, me får høyra om då Flo og resten av Werder Bremen-laget sprang halvmaraton på kveldstid bak ein topptrimma Felix Magath, og det dukkar opp ein historie med ingrediensane Harald Aabrekk, boomblaster, svenskpop og sjølvmål.Podkasten kan lastast ned i iTunes og på Soundcloud. Du kan også høyra den her: