Gå til sidens hovedinnhold

- Det svartna for meg då ein med rosa sko og panneband kalte meg lubben

Artikkelen er over 3 år gammel

Marius Bøe og Jan Tore Jåstad i fotballkretsen er gjester i den tolvte utgåva av Radl om badl.

Denne gongen har me fått med oss to karar med skikkeleg pondus i studio.Marius Bøe frå Balestrand var ei årrekkje ein frykta mann grunna sin noko kompromisslause spelestil.I denne episoden legg kraftpluggen ikkje skjul på at han mislikar spelarar som brukar panneband og rosa fotballsko.Han fortel om den gongen han takla ein fyr ut i ei mursteinrøys under treningskamp i Bergen, om sinne-episodar under tida i Høyang og ein smått legendarisk treningsleir i Danmark.Jan Tore Jåstad snakkar ut om den gongen han vart erklært uønska under Damefotballens Helg, i samband med at han prøvde å henta halve Kaupanger til Avaldsnes. Me får òg vita litt meir om kvifor han ein periode farta rundt til kretslagssamlingar i buss.Me er òg innom Sogndal sin sesongstart, Kaupanger-damene og spelarutvikling.Podkasten kan lastast ned og høyrast i iTunes og SoundCloud.

Kommentarer til denne saken