Gå til sidens hovedinnhold

- Det er ikkje mykje eg er redd her i livet, men kvinnfolk - det er eg livredd

Artikkelen er over 2 år gammel

Den som ventar på noko godt, ventar ikkje forgjeves. Endeleg er Radl om badl tilbake med ny podkast, denne gongen med ein far og son-versjon.

I den 16. utgåva av fotballpodkasten Radl om badl har programleiar Endre Romøren og sidekick Morten Sortland med seg Ivan Øy og Edin Øy. Sistnemnde er Årdal sin første utanlandsproff i fotball nokon gong, han har fleire skadereportasjar i Sogn Avis enn eliteseriekampar for Sogndal og sjølv om han er livredd for kvinnfolk, har han snart runda Tinder. Øy junior gjekk til svenske Ljungskile i sommar, der han også skal spela komande sesong.Pappa Ivan er ei sitatmaskin av dei sjeldne, og leia Årdal FK til ein middels sjetteplass i 4. divisjon i årets sesong.I denne episoden køyrer Romøren ein topp 5 Ivan Øy-sitat, me får høyra meir om familien sine sære do-vanar og om den gongen utstyret til Ivan kom slengjande ut i all sin prakt medan han dundra oppover kanten. Dette og mykje meir kan høyrast i Souncloud her under eller den kan lastast ned i iTunes.

Kommentarer til denne saken