Årets første episode av Radl om badl er klar, der me køyrer ein «Flo spesial» frå treningsleiren på Costa del Sol.Me har fått med oss den heimvende son Ulrik Flo, i tillegg er Håvard Flo den første gjesten i podkasten sin historie som er med for andre gong.Her får me høyra om korleis laget ligg an i oppkøyringa til årets sesong, og det blir sjølvsagt mykje gode historier. Ulrik fortel om korleis han sikra seg drakta til verdsstjerna Mats Hummels, han skildrar kor dyktig Håvard er på vasski, og kor fint sportssjefen har det på kontoret sitt. Håvard leverer ein oppfølgjar til «Håvard Flo viklar seg inn i sykkelritt», denne gongen er det historia om då han gjekk i brot i Ringerike Rundt som kjem fram. Me er innom dei litt diskutable eigenskapane hans som elektrikar, og ikkje minst:I ein eigen bolk dedikert til Harald Aabrekk får me vita at trenaren brukte å dela inn lag på trening etter storleiken på «utstyret» til spelarane.Podkasten kan lastast ned og høyrast i iTunes og SoundCloud.
Delte inn lag etter storleiken på «utstyret»
Artikkelen er over 5 år gammel
Radl om badl er tilbake, denne gongen med sending frå Marbella.