Plusstal for Lerum – auka sal og betre resultat

Administrerande direktør Trine Lerum Hjellaug kan syna fram gode tal for 2019. (Arkivfoto: Hanne Stedje)

Administrerande direktør Trine Lerum Hjellaug kan syna fram gode tal for 2019. (Arkivfoto: Hanne Stedje)

Lerum-konsernet leverte eit overskot på 14,1 millionar kroner før skatt 2019. Dette er ei betring på 4,1 millionar kroner frå året før.

DEL

2019 var det første heile året all produksjon var samla på Kaupanger etter at syltetøyproduksjonen vart flytta frå sentrum i Sogndal. Fokus på innkøyring og trimming av ny fabrikk har vore høgt, skriv Lerum i ei pressemelding.

Gode marknadsdelar

Lerum har i 2019 ein verdiandel ut av butikk i Norge på 54 prosent i saftmarknaden og 26 prosent i syltetøymarknaden. Salet av ZERoh! til Sverige har auka gjennom 2019, og isen ZERoh!, som er eit samarbeid med Hennig-Olsen is, har vore ein stor suksess i marknaden. Isen vart kåra til årets innovasjon i daglegvaremarknaden i 2019.

Nøgd

– Eg er fornøgd med at vi klarer å betre resultatet vårt i det heile første året med samlokalisert drift på Kaupanger, og at me har vekst i salsvolum totalt. Eg er også glad for at vi i 2019 har auka marknadsdelane våre i verdi ut av butikk både for saft og syltetøy. Kjekt er det også at merkevara ZERoh! gjer det bra i Sverige, seier administrerande direktør Trine Lerum Hjellhaug, som takkar alle tilsette for godt utført arbeid i 2019.

Sunnare trend

Sunnare trenden held fram, og veksten er størst på produkta utan tilsett sukker. I 2019 er det lagt ned eit stort arbeid for å utvikla gode og ernæringsrette produkt. Dette arbeidet vil forbrukarane sjå resultatet av i 2020, lovar Lerum i pressemeldinga.

– Det er press på marginane våre, så arbeidet med å trimma drifta vert svært viktig framover. Med den omsetninga me har, er resultatmålet høgare enn der me ligg no. Me har gjennom 2019 lagt til rette for at forbrukarane skal få mange nye produkt frå oss i 2020. Det er risiko å satse så stort på produktutvikling, men det er større risiko å ikkje gjere noko.

Sukkeravgift

I 2019 betalte Lerum 76 millionar kroner i sukkeravgift til staten. Styresmaktene gjorde ingenting med innretninga av denne avgifta i 2019 heller. Sunne, ernæringsrette produkt av frukt og bær vert framleis belagt med slik særavgift til staten. Grensehandelen aukar og avgifta er ei stor belastning for Lerum si konkurransekraft, heiter det vidare i pressemeldinga.

Lågt sjukefråvær

Sjukefråværet i Lerum var 3,2 prosent i 2019.

–Me er godt fornøgde med at sjukefråværet er lågt i eit så krevjande år med innkøyring av ny fabrikk. Det viser at dei tilsette ynskjer å bidra.

Korona

Lerum legg til at marknaden for deira produkt ikkje er særskild eksponert i samanheng med Korona-viruset per no.

– Men tilgangen på råvarer og ingrediensar kan bli råka, og produksjonen på Kaupanger er avhengig av at me ikkje får smittetilfelle i eigen arbeidsstokk. Ei rekkje tiltak er sett i verk for å redusera risiko og dempa konsekvensar.

Artikkeltags