Planlegg for å gjennomføra Jordeplerock: – Samstundes har me fleire tankar i hovudet

REKORD: I fjor hadde Jordeplerock 3.600 besøkande totalt. I år planlegg arrangørane for festival, men har likevel utsett billettsalet.

REKORD: I fjor hadde Jordeplerock 3.600 besøkande totalt. I år planlegg arrangørane for festival, men har likevel utsett billettsalet. Foto:

Jordeplerock planlegg for at festivalen i 2020 skal kunne gjennomførast.

DEL

Foreninga Jordeplerock følgjer utviklinga i samfunnet nøye og vurderer fortløpande moglegheitene for å gjennomføra festivalen, melder festivalleiinga i ei pressemelding.

Festivalen skal etter planen arrangerast 26.–27. juni og har Odd Nordstoga, Vidar Villa, DDE og Trang Fødsel på plakaten.

Avventar billettsal

I dag er det ikkje lokale eller nasjonale vedtak som hindrar gjennomføringa på det tidspunktet Jordeplerock skal arrangerast. Dette kan sjølvsagt endra seg, men inntil vidare planlegg foreininga for at festivalen skal gjennomførast, går det fram av pressemeldinga.

På grunn av stadige endringar og den raske utviklinga har dei likevel valt å avventa billettsalet.

– Dette gjer me både av omsyn til foreininga og våre trufaste Jordeplerockarar. Me vil gjera ei ny vurdering av når billettsalet bør starte den 13. april. Me understrekar samstundes at utsetjinga i billettsalet ikkje betyr at Jordeplerock 2020 er avlyst, men erkjenner samstundes at føresetnadane for å kunne arrangera festivalen ligg utanfor deira kontroll.

Ynskjer ikkje bidra til smittespreiing

– Me ynskjer sjølvsagt at Jordeplerock 2020 skal arrangerast som vanleg. Det er også det me planlegg for. Samstundes har me fleire tankar i hovudet og vurderer heile tida ulike scenario, seier Helge Evensen Bjørkum, informasjonsansvarleg i Jordeplerock i pressemeldinga.

Han framhevar at Jordeplerock ikkje ynskjer å bidra til å auka smittespreiing og samarbeid med lokale styresmakter og relevante ressursar vert difor vurdert no.

– Vidare vurderer me kva smittevernstiltak som er hensiktsmessige og praktisk gjennomførbare. Me ynskjer å arrangera ein trygg festival, seier Bjørkum.

Artikkeltags