Har du nokon gong klaga til ein nabo eller kollega over ein skavank eller to i rørsleapparatet, eller skrotten som ein gjerne seier i Sogn? Då er det ikkje utenkjeleg at han eller ho har hatt akkurat det same. Eller kjenner nokon som har, eller kanskje har opplevd noko heilt anna ein annan stad på kroppen.

Muskel- og skjelettplager er svært vanleg. Men er det så vanleg at ein ikkje skal bry seg om det i det heile? Statistikken viser at akkurat det er ingen god idé. For den som har kjent smertene jage i kroppen, så ein knapt kan kle seg sjølv, så er det slett ikkje slik at det å tenkje positivt, eller ikkje fokusere på smertene eller å vere tolmodig er noko løysing.

Men altså: Statistikken viser at ja, muskel- og skjelettplager er vanleg, faktisk det som «plagar flest» og også kostar samfunnet mest. Det er svimlande summar det er snakk om! Og for dei som ivrar for å bruke meir av oljefondet til ulike føremål, så ivrar eg for å frigjere midlar ved å redusere kostnadane vi har i helse- og sosialbudsjettet til muskel- og skjelettplager. Og aller mest ivrar eg for å hjelpe den enkelte med det vonde kneet, den stive ryggen, armen ein ikkje kan løfte, svimmelheita og den intense hovudverken.

Ein ny forskingsrapport viser at rygg- og nakkeplager rammar 1,2 million nordmenn årleg, og er største enkeltårsak til sjukefråvær. Rapporten utarbeida av Oslo Economics viser tydeleg behov for å sette i verk tiltak som kan redusere rygg- og nakkeplagene. Hald deg fast! Det er no dokumentert at desse plagene kostar landet vårt heile 165 milliardar kroner i tapt helse, og belastar helsevesenet 8,7 milliardar årleg! Og desse tala er for rygg- og nakkeplager åleine.

Strakstiltak for dei som er plaga kan gje auka livskvalitet, redusere behovet for helsetenester og bidra til større deltaking i arbeidslivet. Når vi veit at berre halvparten av yrkesaktive står i arbeid til pensjonsalderen MÅ ein belyse dette enorme helseproblemet for befolkninga og samfunnet. Tiltak som kan føre til betring, om så berre ei lita betring, vil føre til store innsparingar og hjelpe mange.

Kiropraktorar er ein del av primærhelsetenesta og autorisert helsepersonell med refusjon frå Helfo med rett til å tilvise og sjukmelde, med muskel- og skjelett som hovudfokus i utdanning og dagleg praksis. Per i dag står profesjonen utan norsk utdanning som den einaste innan primærhelsetenesta. Det er eit klart ynskje hjå både politikarar og Universitetet i Bergen om å etablere kiropraktorutdanning.

Utdanningsmodellen vil byggje på dei gode erfaringane Universitetet i Odense i Danmark og i Zurich i Sveits har hatt. Utdanninga i Bergen er viktig for fagutvikling, samhandling mellom studentar og faggrupper, og felles tverrfagleg forsking. Myndigheitene har ansvar for å vareta pasientar med muskel- og skjelettsjukdomar, der rygg- og nakkeplager er det dyraste helseproblemet i Norge og største årsak til tapt helse og yrkesfråvær. Dermed må det satsast på diagnostikk, behandling og koordinering av desse pasientane i primærhelsetenesta. Her der det tid og pengar å spare kvar einaste dag i året. Ved å samle forsking og utdanning innan kiropraktikk, medisin og fysioterapi i Bergen, slik ein har god erfaring med i fleire andre land, vil den naturlege samhandlinga kome både pasient og samfunn til gode.

Eg slår eit slag for å endre taktikken, ta tak i ting når funksjonen er dårleg eller smertene melder seg, leggje vekk «vente å sjå til «det» går over»- taktikken. Utan samanlikning elles så er det slik at ein i dag ikkje forventar at ein bil med årgang 1934, 1958, eller ein ungdom med årgang 1970 skal vere i topp slag i dag. Om desse skal putre og gå må ein i alle fall stelle ytst pent med dei, og ein forventar ikkje at å fylle på med bensin er det einaste bilen treng. Kvifor skal ein ikkje forvente at ein må tak i ting med skrotten også? Norske kiropraktorar har slagordet «Et liv i bevegelse». Amerikanarane seier «use it or lose it». Så hald deg i rørsle om du kan, og om du er frisk elles men plagast, finn ut om noko kan gjerast slik at du kan fortsetje å halde deg i aktivitet.

Framover vil eg med jamne mellomrom dele erfaringar og informasjon gjennom ein serie med artiklar innan temaet muskel- og skjeletthelse, eg håpar Sogn Avis sin lesarar vil finne det både interessant og lærerikt.

God helg!