Gå til sidens hovedinnhold

Kjemisk vil ha Hilmar på topp

Artikkelen er over 2 år gammel

Dei kjemiske fagforeiningane i Øvre Årdal og på Årdalstangen vil ha Hilmar Høl som ordførarkandidat ved valet neste haust.

Industri Energi foreningane Årdal Kjemiske Fagforening og Årdalstangen kjemiske Arbeirlag oppmodar Industri Energi sine arbeiderpartimedlemmer å møta opp på medlemsmøtet til Årdal AP den 26.november for å røysta Hilmar Høl inn på 1. plass på Arbeiderpartiets si kommunestyreliste som ordførarkandidat i Årdal, skriv foreiningane i ei fråsegn.

Utfordrarar

Saka er aktualisert etter at både Anne Kauppi og Marie Helene Hollevik Brandsdal har utfordra Høl om topplassen på Arbeidarpartiet si liste.Dei kjemiske fagforeiningane syner til at Høl har ei industriell forankring som frontar norsk industri og som me saknar i norsk lokal og riks politikk. Hilmar har og visst seg å vera ein dyktig og god politikar for Årdalsamfunnet.- Han har også fått tillit frå eit samrøystes nominasjonskomite i Årdal Ap, samt at han har vore medlem i Det norske Arbeiderpartiet sitt landsstyre, som vara og fast medlem i til saman 9 år. Han har vore leiar i Sogn og Fjordane Arbeiderparti i 4 år der han har vore ein markant og synleg politikar. Leiar i Årdal AP i 9 år. Han har også bidrege mykje med å løfta industripolitikken fram att i Arbeiderpartiets programarbeid, på fylkesnivå og nasjonalt, heiter det.

Dei syner også til at han har opparbeid seg eit nettverk både lokalt og nasjonalt, ein erfaringsplattform, og med dei utfordringane Årdals samfunnet og industrien i Årdal står ovanfor , treng me ein ordførar med industriell bakgrunn og som kan setta industrien på dagsorden.- Som nevnt før er han ein forbundskandidat frå IE. Og me treng politikarar med industriell bakgrunn og som tek det med seg i det daglege politiske gjeremålet, går det fram av fråsegna som er underskriven av leiar og nestleiar i dei to fagforeiningane.

Kommentarer til denne saken