Hilmar Høl klar for Aps sentralstyre

VALD: Hillmar Høl er inne i Aps sentralstyre.

VALD: Hillmar Høl er inne i Aps sentralstyre.

Av

Årdølen Hilmar Høl vart laurdag ettermiddag valt inn i Aps sentralstyre.

DEL

- Eg vart heilt taus. Eg dreiv og spylte hagemøblane og gjorde klar til sommaren då eg fekk gratulasjonar av eit partimedlem som hadde sett innstillinga frå valkomiteen, sa Høl då han fekk vita om innstillinga. Sentralstyret er Arbeiderpartiets overordna nasjonale styre, og det høgaste organet i partiet etter landsmøtet og landsstyret. Sentralstyret består av landsmøtevalde medlemmar. No er Høl inne i den innerste sirkel i partiet. - Dette viser berre at gjennom livet mitt som politikar så har eg kanskje gjort ting rett og har vore ein ansvarleg politikar, sa Høl om nominasjonen tidlegare i vår.Me kjem att med meir.

Artikkeltags