Årdal Ap tek avstand frå medieoppslag i Giske-saka

TEK AVSTAND: Årdal Ap, her ved leiar Malvin Stenehjem og Hilmar Høl, meiner oppslag om Årdal Ap og Høl i media er direkte misvisande. (Arkivfoto)

TEK AVSTAND: Årdal Ap, her ved leiar Malvin Stenehjem og Hilmar Høl, meiner oppslag om Årdal Ap og Høl i media er direkte misvisande. (Arkivfoto)

Av

Eit samrøystes styre i Årdal AP og ordførarkandidat Hilmar Høl, tek sterk avstand frå media si framstilling av lokalpartiet sitt syn rundt «Giske saka».

DEL

Det skriv Årdal Arbeidarparti i ei pressemelding. Detet på bakgrunn av medieoppslag etter eit intervju partileiar Hilmar Høl og fagforeiningsleiar Andres Bakken hadde med Nrk Sogn og Fjordane.Blant anna meinte tidlegare partileiar Thor Erlend Mehammer i Førde Ap at Høl bagatelliserte og i verste fall legitimerte seksuell trakassering på NRK.- Styret har ikkje uttala seg i denne saka. Medieoppslaga er av den årsak direkte misvisande. Me stør fullt ut partileiinga si handsaming av varslarsakene mot Trond Giske, skriv Arbeidarpartiet i Årdal og legg til at dei har full tillit til Jonas Gahr Støre som leiar av Arbeiderpartiet.

Artikkeltags