Bil på taket - oljesøl kan ha vore årsaka

KØYRE AV VEGEN: Ein bil har hamna utfor vegen på Kjørnes. (Foto: Jonas Førde)

KØYRE AV VEGEN: Ein bil har hamna utfor vegen på Kjørnes. (Foto: Jonas Førde)

Av

Ein bil hamna på taket.

DEL

Politiet melde klokka 12.42 på Twitter at ein bil hadde køyrt rundt og hamna på taket på Kjørnes i Sogndal.Like etter melde politiet, som var på staden, at ein person var ute av bilen og at vedkomande var medviten.- Personen, som var åleine i bilen, var i dialog med ambulansepersonell på staden, og det verka ikkje som det var snakk om store skadar, seier operasjonsleiar Terje Magnussen hjå politiet.Det har oppstod lange køar på begge sidar av ulukkesstaden.Magnussen opplyser at dei avslutta på staden litt før klokka 14, og at vegen no er open att.- Det kan ha vore oljesøl som var årsaken til ulukka, men det vil bli undersøkt vidare, seier han.

Artikkeltags