Tverrpolitisk semje bak krav om ein leiande posisjon i framtidas vegvesen

TVERRPOLITISK: F.v. Kjetil Kvåle Ap, Vibeke Johnsen SV, Trude Risnes V, Arnstein Menes SP, Frode Bøthun KRF, Karin Vikane H. Ordførarkandidat for Høgre Arne Glenn Flåten og ordførarkandidat for MDG Ståle Loftesnes var ikkje tilstades.

TVERRPOLITISK: F.v. Kjetil Kvåle Ap, Vibeke Johnsen SV, Trude Risnes V, Arnstein Menes SP, Frode Bøthun KRF, Karin Vikane H. Ordførarkandidat for Høgre Arne Glenn Flåten og ordførarkandidat for MDG Ståle Loftesnes var ikkje tilstades.

Av

Landets fremste vegregion blir styrt herifrå, det kan også ei divisjonsleiing

DEL

Det er meldinga frå samtlege politiske parti i nye Sogndal kommune.Den 10. mai legg Vegdirektoratet fram sitt forslag til organisering og lokalisering av Statens vegvesens framtidige kontor og tenestestader.- Som ordførarkandidatar i nye Sogndal kommune er dette ei sak vi følgjer nøye, skriv dei sju partitoppane i ein felles utale.

 Minst som i dag

«For trafikant- og køyretøytenestene i Sogndal og Sogn elles, forventar vi minst like godt tilbod til brukarane som i dag. Ev endringar må vere til det betre. For fagmilljøa ved Statens vegvesen på Leikanger forventar vi ei vidare satsing, med ei divisjonsleiing lagt hit, og oppgåver og arbeidsplassar minst på nivå som i dag. Overføring av oppgåver og årsverk til Vestland fylke, og endring frå regionvegkontor til divisjonar skal ikkje svekke denne posisjonen», skriv dei og held fram:

 Tydelege

«Overfor våre politiske partivener i leiing og regjeringsapparat er vi tydelege på kvar vi står: Region Vest og nye Sogndal kommune har gode føresetnader til å ta ein slik leiande posisjon i framtidas vegvesen. Fagmiljøet, leia frå Leikanger, styrer allereie i dag landets tyngste vegregion - 38% av Nasjonal transportplan er knytt til Region Vest.Dei er nære tenestene og brukarane, der dei er. Miljøet er anerkjendt for sin kunnskap og erfaring på fleire område, bl.a vegforvaltning, utbygging, ras- og tunnelsikring, og leverer gode resultat på strategi og styring. I andre deler av landet er Nye Veier ein viktig aktør. Eit sterkt alternativt prosjektmiljø blir leia frå Vestlandet og Leikanger. Vi er difor trygge på at ei divisjonsleiing lagt hit vil gje Statens vegvesen god styring, meir veg for pengane og styrke etaten si viktige rolle som samfunnsaktør i heile landet».

 Nasjonalt

«Vi minner også våre partivener nasjonalt og regionalt om føringar og mål for å samordne regional og statleg verksemd, og at stat og fylke bidreg til sterke kommunar og regionar gjennom lokaliseringspolitikken. Vestland fylke har i si organisering lagt leiinga av vegforvaltning og infrastruktur til Leikanger, medan kollektiv og mobilitet skal leiast frå Bergen. Vegg i veg med fylkeshuset på Leikanger ligg Statens vegvesen, Region Vest. Det skulle berre mangle om ikkje ein framtidig divisjon kan leiast herifrå, i landets tyngste vegregion. I Vestland, landets nest største region», heiter det i uttalen.Dei er ikkje smålåtne og har ambisjonar på fleire område, mellom anna nye Sogndal som lokaliseringsstad for offentleg verksemd, skule, utdanning og forsking.«Kommunen og regionen utgjer ei sterk kompetanseklyngje, har stabil arbeidskraft og rekrutterer godt. Vi er lokaliseringsstad for nasjonalt leiande kompetansemiljø innanfor sine felt. Difi Leikanger har gjennom mange år medverka sterkt til at Noreg på ein del felt er dei fremste i verda på offentlege digitale tenester. NAV økonomi og NAV kontaktsenter er i nasjonal front på å ta i bruk framtidsretta løysingar for ein meir effektiv og brukarretta forvaltning. Statens vegvesen Region Vest er blant etatens mest anerkjende vegmiljø», heiter det.

Ikkje størst, men...

«Vi blir aldri størst. Vi kan likevel vere blant dei beste. Vi er difor ubeskjedne nok til å sitere Bergens Tidende sin leiar 20.mars, som tek til orde for å leggje fleire nasjonale oppgåver i det nye digitaliseringsdirektoratet til Sogn: «Regjeringa kan trygt legge leiing og nasjonale oppgåver hit, med visse om at dei høgkompetente fagmiljøa gjennom mange år har vist at det heller vil løfte enn svekke kvaliteten på arbeidet», heiter det i uttalen der saman seier at dei skal vidareutvikle Sogndal kommune og Sogn som framtidsretta og attraktiv region og lokaliseringsstad, med høg samfunnsnytte, og til beste for innbyggjarar og næringsliv.

Artikkeltags