Gå til sidens hovedinnhold

Ny rådmann i Lærdal

Artikkelen er over 2 år gammel

Kommunestyret i Lærdal har tilsett Arne Johansen som ny rådmann i Lærdal.

Johansen har fungert som rådmann etter at Alf Olsen jr. slutta i stillinga tidlegare i år. Han kom då frå jobben som kommunalsjef for helse og omsorg i kommunen.Kåre Mentz Lysne sa dei var glade for å kunne tilsetja ein person som dei har fått prøvd i stilllinga.- Røynslene me har gjort oss er udelt positive. Me har fått ein god rådmann og som etter kort tid skjønar kva som er politikk og kva som er administrasjon. Det er ikkje lett. Men det er på same måte som me politikararar ikkje er byråkratar. Me går av og til over terskelen, sjølv om me veit at me ikkje skal gjera det, sa Lysne, som såg fram til eit godt samarbeid.

Oppfølgjing

Fleire følgd opp rosen.- Du er ein økonom som også ser heile mennesket, sa Gro Starheimsæter.Annike Vanberg slo fast at rådmannsjobben var ein av dei tøffaste jobbane som finst.- Men eg er trygg på at du vil gjera ein god jobb. Med væremåten vil du ha trygge tilsette som jobbar med deg.

Ikkje trening

Johansen slo fast at han ikkje hadde trening i å ta imot så mykje skryt.- Tusen takk for tilliten de syner meg. For å lukkast må me ha forståing og respekt for kvarandre sine rollar. Vil smella innimellom, det er i Lærdal me er, som meir enn antyda at han ville ta imot jobben.

Kommentarer til denne saken