Pipebrann i Skjolden rask sløkt

Brannvernet i Luster har rykte tysdag morgon ut etter melding om mogleg pipebrann i eit bustadhus i Skjolden.

DEL

– Meldinga kom inn klokka 08.30. Ut frå meldingar frå folk som er på plassen skal det ikkje vera snakk om noko dramatikk, i alle fall ikkje so langt. Brannvernet er på veg til staden, seier Jan Gunnar Holvik, vaktleiar ved Alarmsentralen i Florø.

Han fortel at alle som bur i huset har kome seg ut.

– Etter meldingane me har fått so lang skal ingen av vera særleg eksponert for røyk, seier Holvik.

Klokka 10.00 kunne Holvik opplysa om at det hadde vore pipebrann, at denne var sløkt og at brannmanskapa hadde returnert til basen i Gaupne.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken