Personbilar var for tungt lasta - måtte ha hjelp av vogntog

DEL

Statens vegvesen gjennomførte kontroll på Håbakken søndag kveld.

To store polske personbilar som var på veg frå Polen til Bergen med arbeidarar og deira bagasje fekk køyreforbod på grunn av overvekt. For å koma vidare måtte eit vogntog ta med bagasjen og utstyret.

Dårleg sikra last

Eit vogntog lasta med 22.500 kilo stålstrenger hadde ikkje sikra lasta si tilstrekkeleg. Lasta var berre sikra med friksjon. Føraren vart meld til politiet for å køyra med manglande lastesikring og måtte sikra lasta før han fekk køyra vidare.

«Slike stålstenger på om lag tre til fire centimeter i diameter vil vera svært farlege om dei kjem laus frå semitraileren og ut i trafikken», skriv Statens vegvesen.

Meld for tre forhold

Ein førar stogga ikkje for skilta kontroll. Føraren var teken med til kontrollplassen for vidare kontroll etter å ha blitt stogga ute i vegbana.

«Føraren hadde ikkje gyldig førarrett for å køyra vogntog. Førar hadde også grove brot på køyre- og kviletid. Førar vert meld for alle forholda», opplyser Statens vegvesen.

Lys og overlast

Mange personbilar manglande lys, og førarane fekk munnleg pålegg om å utbetra dette.

To vogntog fekk overlastgebyr på høvesvis 2.450 kroner og 4.700 kroner.

Eit vogntog fekk køyreforbod på grunn av at det hadde lasta ut over dei lovlege lastemeter på lasteplanet.

Artikkeltags