Personbil sklei på glatta og trefte autovernet

ULUKKE: Ein personbil fekk trøbbel på rv. 13 på Nornes mellom Sogndal og Leikanger.

ULUKKE: Ein personbil fekk trøbbel på rv. 13 på Nornes mellom Sogndal og Leikanger. Foto:

DEL

Ein personbil fekk trøbbel på slapseføret torsdag, og sklei inn i autovernet på Nornes mellom Sogndal og Leikanger.

– Ein patrulje fekk melding om eit trafikkuhell klokka 14.14 i dag, seier operasjonsleiar Per Algrøy i Vest politidistrikt.

– Det var ein personbil som hadde sklidd inn i autovernet grunna glatt vegbane. Det var ingen personskade, seier Algrøy.

Rv. 13 var stengt ei stund på staden, men politiet fekk dirigert trafikken og kring klokka 15 var vegen open att.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken