Ein person skal ha falle og skada ankelen på ski på veg ned frå fjellet Storebjørn i Jotunheimen.
Det melder Hovedredningssentralen Sør-Norge på Twitter klokka 18:09. Dei skriv også at redningshelikopter frå Florø skulle vera framme klokka 18:45.
Toppen ligg på om lag 2222 meter over havet og er ein del av Smørstabbtindmassivet mellom Jotunheimen og Sognefjellet.
– Siste status er at redningshelikopteret er kome fram og dei førebur no heising av personen. Det er eit følgje på fleire personar som har teke vare på og venta saman med vedkomande til redningshelikopteret kom, seier vakthavande på Hovedredningssentralen rett før klokka 19.
I ei oppdatering klokka 19:35 skriv dei at personen er heisa ut og blir flydd til sjukehuset i Førde.